Ragnhild og Johan Wadahl
Heggerud Gard ligg idyllisk til i det vakre kulturlandskapet i Gudbrandsdalen, berre eit steinkast frå Pilgrimsleden. Garden har ei rik historie som gamal sorenskrivargard og tidlegare pensjonat med historisk hage.
I dag driv Ragnhild og Johan garden med respekt for kulturarven og fokus på berekraft.
Bondens bord
Aktiviteter
Overnatting
Mat og råvarer frå eigen jord
På Heggerud dyrkar dei økologiske bringebær, grønsaker og blomar. I det sjølvbetente gardsutsalet finn du sesongens beste råvarer, og i bringebærsesongen kan du plukke sjølv. På garden foredlar dei også bær, rabarbra og eple til saft, eplemost, syltetøy og gelé.
Råvarene frå garden er utgangspunktet for maten som serverast på Bondens bord. Her kan du nyte kortreiste rettar laga med sesongens smakar – friske salatar, heimelaga supper og søte dessertar med bringebær, rabarbra og eple. Ein ekte matoppleving der naturen set sitt preg på kvar bit.
Overnatting i idylliske omgjevnadar
I den vakre eplehagen tilbyr Ragnhild og Johan overnatting i sjarmerande små campinghytter, eller du kan campe ved marknadshagen.
Heggerud er ein del av Riksantikvaren sitt utvalde kulturlandskap for Oppland – eit perfekt utgangspunkt for både rolege dagar og spennande opplevingar.
Kongsvegen 1170
2647 Sør-Fron
Ragnhild: +47 996 08 339
Johan: +47 123 45 678



