MENY

Kva er bondens bord

Bli gjest

Gjestebok

Galleri

Bondens Bord er et konsept
utviklet av Fjellnettverket.

Søre Hovde gård

Rannei og Hans Hovde

På solsida over Dovre, øvst i Gudbrandsdalen, finn du Søre Hovde – garden som ligg 700 meter over havet er omkransa av fleire av Noregs vakraste nasjonalparkar. Her inviterast du til «Bondens Bord» i den stemningsfulle Gammelstuggu på garden, der kan du nyte roen, kjenne på nærleiken til naturen og oppleve ekte gardsliv.

Bondens bord

Aktiviteter

Overnatting

Om oss og garden

Vertskapet, Rannei og Hans, tok over garden i 2007 og har sidan utvikla drifta med fokus på sjølvberging, berekraft og lokale råvarer. På garden har dei Gammal Norsk Spælsau som gir kjøt, skinn og gjødsel, og ein flokk med høner som sørgjer for ferske egg og liv i tunet. Grønnsaker, bær og urter dyrkar dei sjølve, og dei samarbeider med prisbeløna lokale ysteri som Dovre ysteri og Avdem Gardsysteri for å tilby dei beste smakane frå Gudbrandsdalen.

Hans arbeider både på garden og som avløysar hos andre bønder, medan Rannei har ansvar for grønnsakene i tillegg til jobb utanfor garden. Når dei får gjester, legg dei ned ekstra omsorg i å skape ei varm og heimleg atmosfære. På garden tilbyr dei òg overnatting i den trivelege kårboligen, perfekt for deg som vil nyte roen på garden og vakre turmoglegheiter i området. Her har alle sin plass i kretsløpet gjennom årstidene – frå vinter til haust.

Bondens bord – ei oppleving

Bondens Bord er vår måte å dele gleda over god, jordnær mat på. Vi serverer enkle norske rettar med reine, langsiktige smakar: kjøt frå eigne lam, grønsaker frå hagen og egg frå Marihøna og dei andre tuppene.

Vi ønskjer velkomen både til gjester frå lokalmiljøet og reisande som vil bruke kvelden i hyggeleg lag, med gode samtalar og nye møte. Hos oss får du ein smak av Gudbrandsdalen – ekte, nær og uforfalska.

Bestill bord

Du bestiller bord ved å ta kontakt direkte. Bestilling gjøres via lenken.

Bestilling Bondens bord

error: Innholdet er beskyttet!